Tuesday, 8 November 2011

Skjønnlitterært program

Torsdag 3. november framførte vi ein presentasjon om forfattaren Gunnar Staalesen, og eit av hans mest kjende verk, Varg Veum. Eg jobba saman med Susanne og Chris André frå klassa, og vi tenkte å gjennomføre presentasjonen i forma av eit talkshow. Dette gjorde vi for å gjere framføringa litt annleis, og gjere det på ein interessant måte.

Mitt forhold til skjønnlitteratur, er ikkje langt i frå å være eit ikkjeeksisterande forhold. Eg har aldri lest mykje, og vel heller å sjå filmen, viss eg veit at boka vert filmatisert. Den einaste boka eg kan hugse å ha lest, er Da Vinci-koden, skrevet av Dan Brown, og utgitt i 2003. Opplevinga mi av denne boka var svært god. Eg likte å lese den, og eg syntest at det var ei spennande bok. Problemet er at det tok fleire veker å lese ferdig boka, og når eg då kan sjå filmen på to timar, vel eg ofte det i staden.

Som eg nemnte, arbeidde gruppa mi med forfattaren Gunnar Staalesen, og bøkene om Varg Veum. Grunnen til at vi ville arbeide med dette, er at alle på gruppa har sett nokre av filmane, og vi likte dei godt. Vi hadde ikkje lest bøkene, men bestemte oss for å velje dette likevel. Vi arbeidde mykje med framføringa, og møttest fleire ettermiddagar for å klargjere framføringa vår. Vi ville, som nemnt, framføre det som eit talkshow. Derfor utarbeidde vi eit intervju, og fordelte rollene. Eg skulle være Gunnar Staalesen, Chris André skulle være Varg Veum og Susanne skulle være programledar.

For å få informasjon til talkshowet, trengte vi fleire kjelder. Vi snakka med ei som har lest alle bøkene fleire gonger, i tillegg til at vi fann fleire kjelder på internett. Men for å få litt meir konkrete svar på ting vi lurte på, sendte vi ein mail til Gunnar Staalesen. Etter nokre dagar fekk vi svar frå han, der han også ønskte oss lykke til med framføringa.

Etter å ha sett framføringa vår, håper eg at publikum sit igjen med litt meir kunnskapar om Gunnar Staalesen og Varg Veum. Vi prøvde å seie grunnleggande fakta om desse to, mellom anna at begge vart fødd i Bergen, i tillegg til litt meir inngåande fakta, mellom anna tydinga av namnet Varg Veum. Eg håper vi klarte å framføre det på ein litt interessant måte, slik at dei andre i klassa vart interessert i å følgje med. Eg håper også at vi får ein god karakter J

Wednesday, 14 September 2011

Ekteskapet

Tradisjonelt kan ekteskapet sjåast som ei samfunnsordning som legaliserar samlivet mellom mann og kvinne, gir legitime rettigheitar til barna og dannar ei regulerande ramme om familielivet. I seinare tid har mange europeiske land i tillegg innført ei ordning som sikrar at også personar av same kjønn kan inngå ekteskap eller partnarskap. 

Men temaet ekteskap er ikkje berre aktuelt i verkelegheita; Mange bøker har blitt skrevet om ekteskap. Mellom anna August Strindberg tar opp temaet i Giftas I. Her seier han mellom anna at det er mykje verre at ei kvinne er utru enn at mannen er det, og at Nora er egoistisk som bryt ut av ekteskapet med Helmer. Eg meiner at utruskap er gale uansett om det er mannen eller kvinna som gjer det, men eg kan forstå argumentasjonen til Strindberg. Han seier mellom anna at dersom mannen er utru, tvinger han ikkje kona si til å oppdra ein anna mann sitt barn, men dersom kvinna er utru og blir gravid, må mannen arbeide for å oppdra eit barn som ikkje er hans.

Når det gjeld den andre påstanden, at Nora er egoistisk som bryt ut av ekteskapet med Helmer, meiner eg at han har rett. Strindberg skriv at ho ynskjer seg ut av ekteskapet fordi ho lengtar etter fridom frå undertrykking. Det er forståelig at ho ynskjer seg ut av ekteskapet, og eg meiner at det er rett, men eg meiner likevel at det er ei egoistisk handling. Store norske leksikon har ein definisjon av ekteskap som mellom anna seier at det er ein tenke- og handlemåte som utelukkande tar sikte på å fremme eins eige vel, og dette gjer Nora. Ho tener på å avbryte ekteskapet; Derfor er det ei egoistisk handling.

Årsakene til at menneske inngår ekteskap har utan tvil endra seg i løpet av dei siste hundreåra. Tidlegare var kvinner ofte avhengig av ein mann for å overleve økonomisk; Det var vanskelig for kvinner å få arbeid, og svært få kvinner hadde stor nok inntekt til å leve eit godt liv. Samtidig var det forventa at menn skulle gifte seg, ikkje berre for å ha kone, men også for å få arvingar. Å få barn utanfor ekteskapet var ikkje like godkjent sosialt som i dag. Det var altså stort press frå samfunnet om at man skulle gifte seg.

I dag fungerar samfunnet veldig annleis. Det er framleis normalt å inngå ekteskap; I 2010 vart det i følgje Statistisk Sentralbyrå inngått 23 600 ekteskap i Noreg. Men det er også mange som blir sambuarar, og får barn utanfor ekteskapet. Det er ikkje lenger eit allment sosialt press på unge vaksne om at dei skal gifte seg, men dei har framleis moglegheita dersom dei sjølve ynskjer det. Dette er kanskje ei av årsakene til at stadig færre vel å gifte seg; Det er ikkje lenger forventa av dei. Ein annan årsak til at færre gifter seg, kan være at likestillinga mellom menn og kvinner har blitt betre. Kvinner er ikkje lenger avhengige av inntekta til ein mann for å overleve, fordi det er blitt lettare for kvinner å få jobb.

Eg nemnte tidlegare to samfunnsmessige forhold som oppmuntra til ekteskap, men no har altså begge desse forholda endra seg; Kvinner er ikkje lenger avhengige av mannens økonomi, og det er ikkje lenger eit sosialt press på at menneske må gifte seg. Kvifor giftar menneske seg framleis? Eg trur at menneske gjer det for å vise gjensidig respekt for kvarandre, og for å gi tillit til kvarandre. Er ekteskapet ein nødvendig institusjon i dagens samfunn? Eg trur ikkje det, men det er ei symbolsk handling som viser at to menneske ynskjer å tilbringe resten av livet saman.

Wednesday, 31 August 2011

Det dansknorske målstræv

I utdraget "Det dansknorske målstræv" fra Det norske målstræv (1867), gir Knud Knudsen greie for hvordan man kan fornorske det danske språket, slik at Norge får sitt eget skriftsspråk. Han mente at de tre skandinaviske språkene var ganske like, og at det mest fornuftige ville være å bygge bro fra det daværende danske skriftspråket til et norsk fremtidsspråk. På sikt mente han da at norsken ville bli omtrent likt det norske talemålet, slik dansk ligner dansk, svensk ligner svensk osv. Men han mente også at raske endringer også var nødvendig, og la fram forslag til flere reformer som skulle fornorske dansken umiddelbart. Blant disse var å fjerne stumme bokstaver, og forenkle fremmedord.

Knud Knudsen var først ikke fiendtlig til Ivar Aasens nye skriftspråk, men mente at det ville være vanskelig å gjennomføre Aasens idé i praksis. Etterhvert var han imidlertid åpen for det nye landsmålet (nynorsk), og åpnet i 1850 debatten om sammenslåing av disse skriftspråkene, en debatt som i dag, 160 år senere, fortsatt blir diskutert. Men i utgangspunktet var Knud Knudsen tilhenger av en langsiktig endring av skriftspråket, og han har opplevd både motgang og støtte. Et eksempel på den brede støtten han fikk, er hyllesten han mottok på sin 80-årsdag. Blant annet sa Ibsen at Knudsen hadde gitt ham en "sproglig vækkelse".

Hvis jeg hadde vært aktiv i debatten på 1800-tallet, ville jeg nok sympatisert med både Knud Knudsen og Ivar Aasen. I utgangspunktet ville jeg sikkert vært enig med Knud Knudsen om at en gjennomføring av samling av dialekter ville vært vanskelig. Men etter at samlingen var gjennomført, kunne jeg også støttet Ivar Aasen. På kort sikt ville kanskje et helt nytt skriftspråk fungere best, men på sikt ville jeg kanskje støttet tanken om en norsk utgave av det danske skriftspråket.