Tradisjonelt kan ekteskapet sjåast som ei samfunnsordning som legaliserar samlivet mellom mann og kvinne, gir legitime rettigheitar til barna og dannar ei regulerande ramme om familielivet. I seinare tid har mange europeiske land i tillegg innført ei ordning som sikrar at også personar av same kjønn kan inngå ekteskap eller partnarskap.
Men temaet ekteskap er ikkje berre aktuelt i verkelegheita; Mange bøker har blitt skrevet om ekteskap. Mellom anna August Strindberg tar opp temaet i Giftas I. Her seier han mellom anna at det er mykje verre at ei kvinne er utru enn at mannen er det, og at Nora er egoistisk som bryt ut av ekteskapet med Helmer. Eg meiner at utruskap er gale uansett om det er mannen eller kvinna som gjer det, men eg kan forstå argumentasjonen til Strindberg. Han seier mellom anna at dersom mannen er utru, tvinger han ikkje kona si til å oppdra ein anna mann sitt barn, men dersom kvinna er utru og blir gravid, må mannen arbeide for å oppdra eit barn som ikkje er hans.
Når det gjeld den andre påstanden, at Nora er egoistisk som bryt ut av ekteskapet med Helmer, meiner eg at han har rett. Strindberg skriv at ho ynskjer seg ut av ekteskapet fordi ho lengtar etter fridom frå undertrykking. Det er forståelig at ho ynskjer seg ut av ekteskapet, og eg meiner at det er rett, men eg meiner likevel at det er ei egoistisk handling. Store norske leksikon har ein definisjon av ekteskap som mellom anna seier at det er ein tenke- og handlemåte som utelukkande tar sikte på å fremme eins eige vel, og dette gjer Nora. Ho tener på å avbryte ekteskapet; Derfor er det ei egoistisk handling.
Årsakene til at menneske inngår ekteskap har utan tvil endra seg i løpet av dei siste hundreåra. Tidlegare var kvinner ofte avhengig av ein mann for å overleve økonomisk; Det var vanskelig for kvinner å få arbeid, og svært få kvinner hadde stor nok inntekt til å leve eit godt liv. Samtidig var det forventa at menn skulle gifte seg, ikkje berre for å ha kone, men også for å få arvingar. Å få barn utanfor ekteskapet var ikkje like godkjent sosialt som i dag. Det var altså stort press frå samfunnet om at man skulle gifte seg.
I dag fungerar samfunnet veldig annleis. Det er framleis normalt å inngå ekteskap; I 2010 vart det i følgje Statistisk Sentralbyrå inngått 23 600 ekteskap i Noreg. Men det er også mange som blir sambuarar, og får barn utanfor ekteskapet. Det er ikkje lenger eit allment sosialt press på unge vaksne om at dei skal gifte seg, men dei har framleis moglegheita dersom dei sjølve ynskjer det. Dette er kanskje ei av årsakene til at stadig færre vel å gifte seg; Det er ikkje lenger forventa av dei. Ein annan årsak til at færre gifter seg, kan være at likestillinga mellom menn og kvinner har blitt betre. Kvinner er ikkje lenger avhengige av inntekta til ein mann for å overleve, fordi det er blitt lettare for kvinner å få jobb.
Eg nemnte tidlegare to samfunnsmessige forhold som oppmuntra til ekteskap, men no har altså begge desse forholda endra seg; Kvinner er ikkje lenger avhengige av mannens økonomi, og det er ikkje lenger eit sosialt press på at menneske må gifte seg. Kvifor giftar menneske seg framleis? Eg trur at menneske gjer det for å vise gjensidig respekt for kvarandre, og for å gi tillit til kvarandre. Er ekteskapet ein nødvendig institusjon i dagens samfunn? Eg trur ikkje det, men det er ei symbolsk handling som viser at to menneske ynskjer å tilbringe resten av livet saman.