Torsdag 3. november framførte vi ein presentasjon om forfattaren Gunnar Staalesen, og eit av hans mest kjende verk, Varg Veum. Eg jobba saman med Susanne og Chris André frå klassa, og vi tenkte å gjennomføre presentasjonen i forma av eit talkshow. Dette gjorde vi for å gjere framføringa litt annleis, og gjere det på ein interessant måte.
Mitt forhold til skjønnlitteratur, er ikkje langt i frå å være eit ikkjeeksisterande forhold. Eg har aldri lest mykje, og vel heller å sjå filmen, viss eg veit at boka vert filmatisert. Den einaste boka eg kan hugse å ha lest, er Da Vinci-koden, skrevet av Dan Brown, og utgitt i 2003. Opplevinga mi av denne boka var svært god. Eg likte å lese den, og eg syntest at det var ei spennande bok. Problemet er at det tok fleire veker å lese ferdig boka, og når eg då kan sjå filmen på to timar, vel eg ofte det i staden.
Som eg nemnte, arbeidde gruppa mi med forfattaren Gunnar Staalesen, og bøkene om Varg Veum. Grunnen til at vi ville arbeide med dette, er at alle på gruppa har sett nokre av filmane, og vi likte dei godt. Vi hadde ikkje lest bøkene, men bestemte oss for å velje dette likevel. Vi arbeidde mykje med framføringa, og møttest fleire ettermiddagar for å klargjere framføringa vår. Vi ville, som nemnt, framføre det som eit talkshow. Derfor utarbeidde vi eit intervju, og fordelte rollene. Eg skulle være Gunnar Staalesen, Chris André skulle være Varg Veum og Susanne skulle være programledar.
For å få informasjon til talkshowet, trengte vi fleire kjelder. Vi snakka med ei som har lest alle bøkene fleire gonger, i tillegg til at vi fann fleire kjelder på internett. Men for å få litt meir konkrete svar på ting vi lurte på, sendte vi ein mail til Gunnar Staalesen. Etter nokre dagar fekk vi svar frå han, der han også ønskte oss lykke til med framføringa.
Etter å ha sett framføringa vår, håper eg at publikum sit igjen med litt meir kunnskapar om Gunnar Staalesen og Varg Veum. Vi prøvde å seie grunnleggande fakta om desse to, mellom anna at begge vart fødd i Bergen, i tillegg til litt meir inngåande fakta, mellom anna tydinga av namnet Varg Veum. Eg håper vi klarte å framføre det på ein litt interessant måte, slik at dei andre i klassa vart interessert i å følgje med. Eg håper også at vi får ein god karakter J