Sunday, 8 January 2012

Ny kunnskap, ny litteratur og ny filosofi

Auguste Comte


Vi har fått i oppgåve å velje ein person som har vore med på å prege utviklinga i den moderne tidsalderen. Eg har velt å skrive om Auguste Comte. Eg vil i dette innlegget både skrive om Comte, og om nokre dei tankane han er kjent for.

Auguste Comte var ein fransk filosof, som vart fødd i 1798 og døydde i 1857. Han vart fødd i Montpellier, og var ein tilhengar av positivistisk tenking. Det vil sei at han støttar vitskap som er bygga på kjensgjerningar gitt gjennom erfaring. All viten i positivismen er avgrensa til sansedata, og denne viten kan berre nåast gjennom metodisk og vitskapleg observasjon av verkelegheita.

Comte regnast også som sosiologiens grunnleggar. Tanken om ein spesiell vitskap for det sosiale var ikkje unik for Comte, men måten Comte gjekk inn for og beskreiv dette på, var spesiell. Han meinte at sosiologien var den siste og største av alle vitskapar, og at den ville romme alle andre vitskapar og integrere og relatere desse inn i ei felles vitskap.

I dag er Auguste Comte kanskje mest kjend for loven om 3 fasar. Dette er ei universell lov som Comte meinte å kjenne igjen i alle vitskapar. Han meinte at samfunnet har gått gjennom 3 fasar: Teologisk, metafysisk og vitskapeleg. Han stempla den siste av desse fasane som positiv.

Eg kan relatere meg til nokre av tankane til Comte. Han meinte at ein burde avgrense vitskapen til observasjonar ein fekk gjennom erfaring og sansar. Dette kan eg vere einig i. Men han meiner også at ein kunne samle alle vitskapar i ei felles vitskap. Eg trur all vitskap er for omfattande til å samle, og eg meiner at ein ikkje kan blande alt inn i sosiologien.

Litterære program

Georg Brandes var ein dansk kritikar og litteraturforskar, som hadde stor innflytelse på skandinavisk litteratur på slutten av 1800-talet, og begynnelsen av 1900-talet. I sin forelesning Hovedstrømninger i det 19de Aarhundrets Litteratur (1871), kritiserer han den danske litteraturen. Han meinte at litteraturen sto stille, og at endringar var nødvendig dersom verda skulle gå framover. Forfattarar måtte begynne å ta opp viktige debattar, blant anna samfunnsproblem som omhandla religion og forholdet mellom kvinner og menn.
Georg Brandes 

Knut Hamsun var ein norsk forfattar, og blir av mange rekna som opphavet til den moderne roman. I forelesinga Fra Det Ubevisste Sjeleliv (1890), skriver han at han ynskjer meir fokus på det sjelelige, og mindre på det realistiske. Han vil skrive om individet og dei indre sjeletankane, og er motstandar av at litteraturen skulle innehelde typar og karakterar.
Knut Hamsun 

Hamsun og Brandes meinte altså to forskjellige ting. Brandes meinte at forfattarar burde ta opp samfunnsdebattar og skildre det fysiske miljøet; ikkje fantasiar og sjeleliv, mens Hamsun meinte at forfattarar burde skrive om individet og dei indre sjeletankane.

Personlig har eg ikkje lest så mykje, så det er vanskelig å uttale meg om kva slags litteratur eg liker å lese. Men eg meiner at litteraturen burde innehelde så mykje som mogleg. Eg meiner at debatt om samfunnsproblem er bra, men eg meiner også at det er interessant å diskutere eller skildre dei indre sjeletankane. Derfor meiner eg at ein burde kunne skrive om begge deler.

Nyrealismen

Vi har fått i oppgåve å skrive eit blogginnlegg om nyrealismen. Vi fekk to oppgåver, og fordelte oppgåvene mellom meg, Morten Mehus og Aleksander Jørgensen. Eg skreiv om romanen Kransen, Aleksander Jørgensen skreiv om Markens Grøde og Morten Mehus skreiv om Sommarkvelden. Oppgåvene vi skulle løyse, var:

Oppgåve a 
Den nyrealistiske diktinga frå første halvdel av 1900-talet gjenspeglar store endringar i det nye hundreåret og tar for seg både personlege pg politiske utfordringar i samtida. Kva endringar og utfordringar kjem til uttrykk i dei tekstane gruppa har lese?

Oppgåve b 
Nyrealistane prøvde å skape eit realistisk og truverdig bilde av menneske og miljø i diktinga si. Kva for litterære verkemiddel bruker dei for å  skape dette bildet? (Forteljarposisjon/synsvinkel, komposisjon, personskildring, miljøskildring og språk)


Eg byrjar med å svare på begge oppgåvene om Kransen.

Sigrid Unset
Oppgåve a.
Romanen Kransen ble skrevet i 1920 av Sigrid Undset. Historia handlar om Kristin Lavrandsdatter, og handlinga er lagt til 1300-tallet. Romanen tar opp problematikken rundt arrangerte ekteskap, og viser Kristin som blir veldig forelska i Erlend Nikulaussøn. Problemet er at faren til Kristin, Lavrans, har inngått ein avtale med Anders Darre om at hans son, Simon Darre, skal gifte seg med Kristin.

Utdraget i læreboka Tema, fortel om ein fest der Kristin og Erlend for første gang tilbringer tid åleine saman. Dei tilbragte natta saman, og Erlend seier blant anna: «nu kan jeg aldri bli glad hvis jeg ikke kan få deg».  Erlend og Kristin vil ha kvarandre, noko som blir problematisk i forhold til avtalen mellom Kristins far og Anders Darre.

Dette er eit eksempel på ein samfunnsmessig endring i Noreg dei siste hundre åra; tidlegare var motivasjonen for å inngå ekteskap i hovudsak praktisk, med tanke på økonomi, rykte, religiøsitet osv. Då var det vanleg at foreldra fann passande partnarar til barna, slik at dei fekk ein partner som passa. I løpet av dei siste hundre åra har dette endra seg i Noreg, og motivasjonen for å inngå ekteskap i dag handlar meir om følelsesmessige årsaker. Problemet med den gamle ordninga ser vi i Kransen, då det er tydelig at det er Kristin og Erlend som passer saman følelsesmessig; ikkje Kristin og Simon. Men Kristins far har inngått ein avtale med Anders Darre, fordi han meiner at Simon passer bra.


Oppgåve b.
I Kransen bruker Sigrid Undset fleire litterære verkemiddel for å skildre menneske og miljø realistisk og truverdig. Ho skildrar omgivelsane detaljert, og bruker fargane til å skape dei riktige kjenslene rundt stemninga. Eit eksempel på dette er at det brente raude bål på vollen på festen. Synsvinkelen til forteljaren er 3. person, som følgjer Kristin. Teksten er bygd opp kronologisk, og handlinga begynner ein kveld, og sluttar neste morgon. Det brukast eit lett og konkret språk, og i teksta er det blant anna eit dikt, som blir sunget av ein dansk musikar.


Eg vil no svare på oppgåvene om Markens Grøde. Dette er det Aleksander Jørgensen som har skreve:

Oppgåve a.
Markens grøde handlar Isak som byggjer ein gard på eit område han kallar Sellanrå. Etter kvart kjem det fleire nybyggarar som også slår seg til ro på Sellanrå og mange garder veks fram.

Den største endringa som kjem i dette romanutdraget er når Isak går hen og skaffar seg ein ekte slåmaskin som er drevet av hestekraft. Ljå er nesten ikkje viktig lengre og heile jordbruket vært effektivisert. Familien ser innrettinga med store auger. Slå gutane spøkjer om at no slepp dei å ta fram ljåen meir.

Samtidig med den nye innretninga kjem det også utfordringar. Som oftast når noko er heilt nytt og spennande, så kjem det ofte ut på sals marknaden  før det er skikkelig godt utbreidda og gjennomført. Derfor er det ofte mykje produksjonsfeil og problem  på desse innretningane. Denne utfordringa møter dei når dei skal utnytta maskina og slå åkrane med dei. Slåmaskina stoppar, verker ikkje og tullar seg fleire gonger mens dei prøver den. Når alt vert forenkla, kjem det likevel alltid nye utfordringar som ligg og lurer.

Ein anna utfordring som vi møter på i teksta går på det meir personlige. Når Isak skaffar seg maskina, følgjer det også med ein bruksmanual som må lesast. Aldri før har Isak hat noko grunn til å kunna lesa, men no i den moderne framtida med nye moglegheiter og innretningar, må han lese manualen. Den ender med at den eine sonen må lesa for han og den nye innretninga ender nok ein gong med ei utfordring.

Oppgåve b.
I realismen visar dei alltid det mest realistiske bildet av menneske og verda. I Markens grøde er forteljar posisjonen slik at han er allvitende. Det gjer slik at ein veit alt om alle som er med, og dermed kan sjå forteljinga frå deira posisjon. Komposisjonen i teksten er delt opp i tydelige avsnitt. Forteljinga går i kronologisk rekkefølgje slik at det er lett å få med seg heile løpet. Den har også ein oppbygging som verker som ein spenningsgraf som er konstant aukande. Dette er når han får maskina og skal sette den i bruk og. Etter som dette er eit utdrag får me ikkje særleg mykje personskildringar, ettersom dei fleste er allereie skildra. Miljø og ting, for eksempel maskinen er godt skildra. Språket er frå si tid, gammal norsk.


Eg vil no svare på oppgåvene om Sommarkvelden. Dette er det Morten Mehus som har skreve. Han har bokmål som hovudmål. Derfor er denne delen skreve på bokmål:


Olav Duun
Oppgave a.
Romanen Sommarkvelden ble skrevet i 1920 av Olav Duun. I historien møter vi Odin og moren. Problematikken i historien er at moren til Odin har giftet seg. Dette fører til at Odin må flytte, selv om han bare er syv år gammel, og skal i fortellingen møte en familie som han skal være gjetergutt for.

Vi treffer på flere punkter i denne teksten, hvor det ene er sorg og adskillelse. Dette ser vi godt slik det blir skildret i tankene deres: ”Han såg berre halvt på henne. Så drog det etter seg. Glad? Det visste han no ikkje; men han skulde bort å vera; dei var på vegen no; for dei kunde ikkje han han lenger heime, no nå ho mor hadde gifta seg og han farfar hadde gitt ifrå seg og skulde på kåre. Han rente fort igjenom tankane, og andlete skifta i einingen. Så seier han, gammal og stødig, - det er ein ny Odin å høre på:” Når det er snakk om adskillelse ser vi også at det er innblandet savn. Det ser vi i dette utdraget; ”Og så var det moblåe natta der ho gjekk: Alt ho såg på så sov det. No måtte han vel sova snart, han Odin òg? Og kvifor skulde han ikkje lida straffa i lag med meg? For du må det, Odin. Det er ikkje annan veg å gå…”.

Oppgave b.
I Sommarkvelden beskriver Duun alt som dukker opp i fortellingen detaljert. Han beskriver både lyden, menneskene og verden rundt menneskene. Alt fra lysstråler til duften av bjørkeskogen. Dette gjør at vi kan ikke bare tenke oss til hvordan det er der og hvordan det ser ut, men til og med føle at vi er der. Høre lydene og til og med kjenne duften hvor de er i fortellingen.
Duun går dypt inn i følelsene til personene i fortellingen. Språket er også gammelt og formelt, som gjør denne teksten vanskelig å tyde og forstå. Fortelleren er utenforstående og autoral, og vi får innblikk ved å stå på ved siden av og høre tankene til personene.


I tillegg til oppgåve a og b, hadde vi ei oppgåve til. Dette var oppgåve c, og den sa:

Oppgåve c.
Du har no lese tekstar frå første halvdel av det 20. hundreåret. Korleis likte du desse tekstane, og kva var det du likte eller mislikte med dei?

Tekstane handlar om utvikling, og det likte eg. Eg liker når verda går framover, og eg liker historier om utfordringane som kan oppstå når vi har utvikling. 

Wednesday, 4 January 2012

Forfattarportrett

Jonas Lie

I haust hadde eg ein presentasjon på skulen om forfattaren Jonas Lie (1833-1908). Han er kjent som ein av dei fire store norske forfattarane frå realismen, og har mellom anna skrevet Lodsen og hans hustru, Gaa Paa! og Familienpå Gilje. Verka hans er ganske typiske for realismen, fordi dei ofte omhandlar forholdet mellom individ og samfunn, og inneheld kritikk av institusjonar, mellom anna ekteskapet (som eg tidlegare har skrevet eit innlegg om).

Som eg skreiv i førre innlegg, har eg ikkje noko spesielt forhold til skjønnlitteratur. Eg trur ikkje eg har grunnlag for å vurdere kva forfattarar som er gode og dårlege, og eg har heller ikkje lest nok til å uttale meg om kva for nokre forfattarar eg liker best.  Frivillig har eg berre lest éi bok ferdig, frå perm til perm. Dette var Da Vinci-koden, som er skrevet av Dan Brown. Eg likte denne boka, og kan vel kanskje derfor seie at Dan Brown er ein av mine favorittforfattarar. 

Dan Brown