Georg Brandes var ein dansk kritikar og litteraturforskar, som hadde stor innflytelse på skandinavisk litteratur på slutten av 1800-talet, og begynnelsen av 1900-talet. I sin forelesning Hovedstrømninger i det 19de Aarhundrets Litteratur (1871), kritiserer han den danske litteraturen. Han meinte at litteraturen sto stille, og at endringar var nødvendig dersom verda skulle gå framover. Forfattarar måtte begynne å ta opp viktige debattar, blant anna samfunnsproblem som omhandla religion og forholdet mellom kvinner og menn.
Knut Hamsun var ein norsk forfattar, og blir av mange rekna som opphavet til den moderne roman. I forelesinga Fra Det Ubevisste Sjeleliv (1890), skriver han at han ynskjer meir fokus på det sjelelige, og mindre på det realistiske. Han vil skrive om individet og dei indre sjeletankane, og er motstandar av at litteraturen skulle innehelde typar og karakterar.
Hamsun og Brandes meinte altså to forskjellige ting. Brandes meinte at forfattarar burde ta opp samfunnsdebattar og skildre det fysiske miljøet; ikkje fantasiar og sjeleliv, mens Hamsun meinte at forfattarar burde skrive om individet og dei indre sjeletankane.
Personlig har eg ikkje lest så mykje, så det er vanskelig å uttale meg om kva slags litteratur eg liker å lese. Men eg meiner at litteraturen burde innehelde så mykje som mogleg. Eg meiner at debatt om samfunnsproblem er bra, men eg meiner også at det er interessant å diskutere eller skildre dei indre sjeletankane. Derfor meiner eg at ein burde kunne skrive om begge deler.
No comments:
Post a Comment