Jonas Lie
I haust hadde eg ein presentasjon på skulen om forfattaren Jonas Lie (1833-1908). Han er kjent som ein av dei fire store norske forfattarane frå realismen, og har mellom anna skrevet Lodsen og hans hustru, Gaa Paa! og Familienpå Gilje. Verka hans er ganske typiske for realismen, fordi dei ofte omhandlar forholdet mellom individ og samfunn, og inneheld kritikk av institusjonar, mellom anna ekteskapet (som eg tidlegare har skrevet eit innlegg om).
Som eg skreiv i førre innlegg, har eg ikkje noko spesielt forhold til skjønnlitteratur. Eg trur ikkje eg har grunnlag for å vurdere kva forfattarar som er gode og dårlege, og eg har heller ikkje lest nok til å uttale meg om kva for nokre forfattarar eg liker best. Frivillig har eg berre lest éi bok ferdig, frå perm til perm. Dette var Da Vinci-koden, som er skrevet av Dan Brown. Eg likte denne boka, og kan vel kanskje derfor seie at Dan Brown er ein av mine favorittforfattarar.
Dan Brown
No comments:
Post a Comment