Sunday, 8 January 2012

Ny kunnskap, ny litteratur og ny filosofi

Auguste Comte


Vi har fått i oppgåve å velje ein person som har vore med på å prege utviklinga i den moderne tidsalderen. Eg har velt å skrive om Auguste Comte. Eg vil i dette innlegget både skrive om Comte, og om nokre dei tankane han er kjent for.

Auguste Comte var ein fransk filosof, som vart fødd i 1798 og døydde i 1857. Han vart fødd i Montpellier, og var ein tilhengar av positivistisk tenking. Det vil sei at han støttar vitskap som er bygga på kjensgjerningar gitt gjennom erfaring. All viten i positivismen er avgrensa til sansedata, og denne viten kan berre nåast gjennom metodisk og vitskapleg observasjon av verkelegheita.

Comte regnast også som sosiologiens grunnleggar. Tanken om ein spesiell vitskap for det sosiale var ikkje unik for Comte, men måten Comte gjekk inn for og beskreiv dette på, var spesiell. Han meinte at sosiologien var den siste og største av alle vitskapar, og at den ville romme alle andre vitskapar og integrere og relatere desse inn i ei felles vitskap.

I dag er Auguste Comte kanskje mest kjend for loven om 3 fasar. Dette er ei universell lov som Comte meinte å kjenne igjen i alle vitskapar. Han meinte at samfunnet har gått gjennom 3 fasar: Teologisk, metafysisk og vitskapeleg. Han stempla den siste av desse fasane som positiv.

Eg kan relatere meg til nokre av tankane til Comte. Han meinte at ein burde avgrense vitskapen til observasjonar ein fekk gjennom erfaring og sansar. Dette kan eg vere einig i. Men han meiner også at ein kunne samle alle vitskapar i ei felles vitskap. Eg trur all vitskap er for omfattande til å samle, og eg meiner at ein ikkje kan blande alt inn i sosiologien.

No comments:

Post a Comment